Toppbilde prisar vilkar

Prisar og vilkår for nettleige

Her finn du oppdaterte prisar og vilkår for nettleige, både for privatkundar og næringsverksemd.

Planlagd straumbrot: Dugstad-Lirhus-Øvsthus inkl. lading Tide Buss 21/05 kl 10:30-ca 12:00 Les meir

Slik fungerer nettleige for privatkundar

Ny modell for nettleige

Nettleige er beløpet du betalar for å få bruka straumnettet i Noreg. Frå 1. juli 2022 har me fått ein ny måte å rekna ut denne nettleiga på, som består av to delar: kapasitetsledd og energiledd.

Kapasitetsledd

Tenk deg at du betalar litt ekstra for kvar gong du brukar mykje straum samstundes. For eksempel, om du har på vaskemaskin, tørketrommel, oppvaskmaskin og komfyr på same tid, kan det koste meir. 

Kor mykje meir du betalar, blir rekna ut frå dei tre timane i månaden då du brukte mest straum på same tid. Men, om du spreier ut når du brukar straum (som å bruke vaskemaskina om morgonen og oppvaskmaskina om kvelden), så betalar du mindre.

Energiledd

Dette handlar om kor mykje straum du brukar totalt. Om du brukar straumen om natta, kan det vera billegare enn om dagen.

Heile ideen er å få folk til å bruke straumen litt her og litt der, ikkje alt på ein gong. Dette hjelper med å ikkje overbelaste straumnettet. Det er bra, for då treng vi ikkje bygge meir straumnett, og det kan halde prisen på nettleiga nede.

Prisar og vilkår for privatkundar

Gjeldande prisar

 

 

Prisliste

NB! For 2023 gjeld redusert elavgift (11,45 øre/kWh) for jan-mars. Energileddet i denne perioden vert difor 42,10 øre/kWh dag (kl 06-22) og 35,80 øre/kwh natt (kl 22-06).

Nettariffane vert redusert med verknad frå 01. januar 2022 for å tilpassa samla nettinntekt i høve til fastsett inntektsramme for nettverksemda. Reduksjonen tilsvarar reduksjon i forbruksavgift frå staten for januar-februar-mars 2022. For april-desember 2022 vert forbruksavgifta auka og energileddet aukar tilsvarande. Her kan du lesa meir om korleis nettleiga vert fastsett.

Offentlege avgifter er frå 01.01.2022:

  • Enova-bidrag: 1,25 øre/kWh.
  • Forbruksavgift: 11,14 øre/kWh jan-mars 2022
  • Forbruksavgift: 19,26 øre/kWh april-des 2022
  • Alle prisar er inkl mva.

I perioden april-desember 2021, har me hatt eit redusert fastledd (60% reduksjon).
Offentlege avgifter er frå 01.01.2021:

  • Enova-bidrag: 1,25 øre/kWh.
  • Forbruksavgift: 20,86 øre/kWh.
  • Alle prisar er inkl mva.

Prisliste

 1. april 20221. januar 2022
Årleg fastbeløp inkl. mva.3125,-3125,-
Energiledd inkl. offentlege avgifter39,60 øre/kWh31,48 øre/kWh

Vilkår

Me følger Energi Norge sine vilkår for nettleige. Her finn du standardvilkår for nettleige og tilnkyting for forbrukarar frå Energi Norge.

Har du spørsmål? Sjekk Kundestøtte-sida vår

Slik fungerer nettleige for næring

Ny modell for nettleige er innført 01. juli 2022.

Det er storleiken på sikringane som bestemmer kva type nettariff anlegget skal ha.

1. januar 2022 vert nettleiga tilpassa samla nettinntekt i høve til fastsett inntektsramme for nettverksemda og endringar i forbruksavgift. Sjå under for ny prisliste.

Prisliste for næring

Prisliste 1.januar 2024

Offentlege avgifter 2024.
Enova-bidrag: kr 800 pr år 
Forbruksavgift: januar-mars 9,51 øre/kWh. April-desember 16,44 øre/kWh
MVA: 25%

Prisliste 1.mai 2023
Offentlege avgifter 2023.
Enova-bidrag: kr 800 pr år
Forbruksavgift: april-desember 15,41 øre/kWh.
MVA: 25%

Prisliste 1. juli 2022
Offentlege avgifter 2022.
Enova-bidrag: kr 800 pr år
Forbruksavgift: jan-feb-mars 8,91 øre/kWh, april-desember 15,41 øre/kWh.
MVA: 25%