Toppbilde om oss

Om oss

Nettselskapet Tendranett har ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av straumnettet på Voss.

Planlagd straumbrot: Meland, Hommedal, Lund 15/05 frå kl 09:00- ca 12:00 Les meir

Sikkert straumnett frå fjord til fjell

Tendranett er ansvarleg for drift, vedlikehald og fornying av straumnettet på Voss. 

Me sikrar straumnettet til om lag 12 600 kundar per 2024, medrekna privatbustader, hytter og næring, og me har ca. 30 tilsette.

Tendranett er eigd av Voss Energi-konsernet.

  • Vossenergi raundalselva 07401

Kvifor Tendranett?

Nytt namn, same verdiar

I 2021 bytte me namn frå Voss Energi Nett til Vonett AS på grunn av dei strenge krava knytt til å halda nettselskap og straumproduksjon adskilt.

I 2023 vart me pålagt av Reguleringsmyndigheten for energi (RME) å byta namn ein gong til, fordi det nye namnet ikkje skilde seg klart nok frå “Voss Energi”.

Det nye namnet speler på verbet “å tendra”, som er eit gammalt ord for å “tenna” eller “kveikja”. Den nye logoen vår har Logolink laga, og Vasser har laga den nye nettsida.

Kva er eit nettselskap eigentleg?

På kundestøttesida vår har me samla svar på ei rekke vanlege spørsmål knytt til straumnett og verksemda vår.

Gå til kundestøtte