Toppbilde kundestotte

Kundestøtte

Her finn du svar på spørsmål knytt til Tendranett, nettleige, nettselskap, bygging, feilhandtering og mykje meir.

Planlagd straumbrot: Dugstad-Lirhus-Øvsthus inkl. lading Tide Buss 21/05 kl 10:30-ca 12:00 Les meir

Nettselskap

Kva er eit nettselskap?

Det norske straumnettet er delt i tre nivå - sentralnett, regionalnett og det lokale distribusjonsnett.

Sentralnettet er hovudnettet i kraftsystemet. Dette nettet bind saman produsentar og forbrukarar i ulike deler av landet med kvar andre. Dette nettet omfattar også overføringslinjer mot utlandet. Statnett har ansvar for å utvikla, eiga og drifta sentralnettet.

Regionalnettet er bindeleddet mellom sentralnettet og det lokale distribusjonsnettet.

Det lokale distribusjonsnettet forsyner kundane våre med straum og tek imot straum frå småkraftverka.

Dei ulike nettselskapa eig og driftar regionalnettet og lokale distribusjonsnett, og har ansvaret for å føra fram straum til kundar innanfor sitt område.

Som kunde kan du ikkje velja nettselskap, slik som du kan velja kraftleverandør. Sidan netteselskapa opererer som monopolistar, er det strenge krav til inntektsregulering og nøytralitet frå myndigheitene.

Kvifor må eg betala nettleige?

Nettleige er det du betalar for å få frakta straum heim til deg, dvs. ein fraktpris pr. kWh som du som kunde brukar.

Myndigheitene fastset rammer for kor store inntekter nettselskapa kan ha.

Ut frå den tildelte innteksramma reknar kvart nettselskap ut nettleiga basert på ei vurdering av kor mange kWh som kundane kjem til å bruka i året som kjem.

Differansen mellom det berekna forbruket og det faktiske forbruket utløyser såkalla meir-/mindreinntekt. Nettselskapet skal tilpassa nettleiga for å styra meir-/mindreinntekta mot null over tid. 
Det vil seia at dersom det viser seg at det vert brukt mindre straum enn rekna med, vert nettleiga justert opp. Dersom det vert brukt meira straum, vil nettleiga verta justert ned. Nettselskapa får uansett ikkje meir nettleigeinntekter enn det som er fastsett frå myndigheitene.

Nettleiga dekkjer utbygging, drift, vedlikehald og vaktberedskap 24 timar / 365 dagar i året. 
Vårt ansvar er å syta for at alle i Voss kommune har straum, med så få avbrot som mogleg.  
Ein liten del av nettleiga går til å dekkja  tapet i nettet og vil såleis variera med forbruket. Men i all hovedsak kostar det det same å driva nettet uansett om det fraktast mykje eller lite straum. Dette er grunnen til at inntektsramma ikkje vert redusert sjølv om straumforbruket går ned.

Om lag halvparten av nettleiga er offentlege avgifter som me er pålagte å krevja inn på vegne av staten. Av kvar krone du betalar i nettleige går 50 øre til Tendranett AS, 6 øre til regionalnett/sentralnett og heile 44 øre til staten i form av offentlege avgifter.

Her er hefte for dei ulike nettariffane.

Kva er forholdet mellom Tendranett og Voss Energi?

For at kraftmarknaden skal vera effektiv må konkurransen fungera. Difor er det eit skilje mellom den monopolregulerte delen og den konkurranseutsatte delen av verksemda. Difor har Tendranett og Voss Energi Kraft separate nettsider. Tendranett skal handsama alle kraftleverandørar nøytralt og Voss Energi Kraft har ikkje automatiske fordelar av å halda til i same hus som Tendranett. NVE utfører tilsyn med at krava til netteigars nøytrale opptreden vert overhalde. Les meir om skiljet mellom monopol og marknad på sidene til NVE.

Nøytralitetsrapport 2022

Nøytralitetsrapport 2021

Nøytralitetsansvarleg: Jan Olav Opheim

 

Annan info:

Openheitslova - utgreiing 2022

Kvifor må eg betala anleggsbidrag?

For å få ført fram straum til din installasjon (hytte, hus, industri, sag og liknande) må du betala den fulle utbyggingskostnaden.

Dette gjeld ved ny nettilknyting eller ved forsterking av eksisterande nett fram til deg.
Anleggsbidraget skal fastsetjast uavhengig av det forventa energiuttak ditt. Anleggsbidraget vert sett lik nødvendige kostnader inklusive timeverk for personell, maskiner og utstyr.

For å få avklart forhold rundt anleggsbidrag for ditt prosjekt, må du ta kontakt med Tendranett. For å kalkulere størrelsen på evt anleggsbidrag, må me ha kart der installasjonen og omfanget av denne er innteikna.

Høve til å krevja anleggsbidrag er heimla i forskrift 302 av 1999 om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettverksemda og tariffar.

Har eg rett til erstatning ved skade?

Standard leveringsvilkår for forbrukarkundar og for næringskundar regulerer kva rettar nettkunden har ved forseinking og manglar. Forbrukarkjøpsloven gjeld også, med visse unnatak. Dersom årsaka til forholdet som har medført skade eller økonomiske tap er eit forhold innafor vår kontroll, så vil Tendranett vera erstatningsansvarleg. Nettkunden må dokumentera det faktiske økonomiske tapet. Kvart enkelte tilfelle blir vurdert konkret.

Slik melder forbrukarkunden sitt krav

  1. Kontakt ditt forsikringsselskap, som vil føreta ei vurdering og eventuell taksering av skaden. Forsikringsselskapet vil generelt utbetala oppgjer raskare enn nettselskapet. Forsikringsselskapet vil så i ettertid krevja regress hjå Tendranett.
  2. Du gjer jobben sjølv ved å undersøkja skaden og eventuelt får skaden taksert. Du legg så ut for reparasjonsutgifter og eventuelle gjenanskaffelsesutgifter. Du legg ved dine dokumenterte utgifter (kjøpskvitteringar, osv i eit krav om erstatning til Tendranett. I kravet må du beskriva tidspunkt og korleis hendinga hadde skjedd. Me vil føreta ei avkortning for slit og elde for kvitevarer eldre enn 3 år, slik forsikringsbransjen gjer det. 

Slik melder næringskunden sitt krav

Nettselskapet må ha handla uaktsamt for at det skal bli tale om erstatningsansvar. Næringsdrivande har eiga avtale og erstatningsreglane her følgjer vanlege erstatningsrettslege reglar om aktløyseansvar. Utover dette gjeld tilsvarande regler med tanke på årsakssamanheng og krav til dokumentasjon av økonomisk tap.

Generelt

Tendranett er ikkje erstatningsansvarleg for skadar som oppstår etter rettmessig stengjing av anlegget - for eksempel som følgje av manglande betaling.

Det kan av og til ta noko tid å kartleggja alle  faktiske forhold. Enkelte saker må difor påreknast noko lengre sakshandsamingstid.

Forbrukarkundar som får avslag kan klaga.

Dersom du vil klaga til oss, må du gjera dette skriftleg. Alle forbrukarkundar kan påklaga eit vedtak eller avslag om erstatning til Elklagenemnda. Les meir om dette på nemndas heimeside www.elklage.no

Næringskunder har ikkje tilsvarande høve til å klage. 

Kan eg få kompensasjon ved straumbrot?

Ja det kan du, og kompensasjon for svært lange straumavbrot vert no utbetalt automatisk. Det er ikkje lenger behov for å søkja om kompensasjon.

Kompensasjonen per målepunkt er:
a. for hushaldning: 500 kroner ved avbrot på 12 timar og deretter ein sats på 40 kroner per time

b. for fritidsbustad: 125 kroner ved avbrot på 12 timar og deretter ein sats på 10 kroner per time.

8/1-24: Hendingar i jula 2023 vert utbetalt i februar. Dei som har krav på kompensasjon vil få dette til fråtrekk på nettleiga.

Har grunneigar rett på erstatning?

Tendranett byggjer og driv leidningsanlegg i Voss kommune. Me kjem i kontakt med mange mennesker, og det er viktig for oss at folk får tillit til oss og at me i praktisk handling syner at me tek dette på alvor. Vår målsetjing er ikkje at alle skal vera einige med oss, men at alle skal få riktig og rettferdig handsaming. Arbeidet er utfordrande av di me påfører eigedomane eit hefte utan at grunneigar ser direkte nytte av tiltaket. Heile prosessen kan opplevast som ei belastning for grunneigar, som kanskje ikkje ynskjer å ha desse anlegga på eigedomen eller som føler usikkerheit om kva rettar han eller ho har som grunneigar.

Er du grunneigar og har spørsmål til oss om dette, så ta kontakt med nettavdelingen på tlf 56 52 83 80 eller post@tendranett.no

Korleis kan eg klaga på Tendranett?

Dersom du vil klaga til oss, må du gjera dette skriftleg. Alle forbrukarkundar kan påklaga eit vedtak eller avslag om erstatning til Elklagenemnda. Les meir om dette på nemndas heimeside www.elklage.no

Næringskunder har ikkje tilsvarande høve til å klage. 

Kraftleverandør

Kva er ein kraftleverandør?

Straumprisen er todelt og består av nettleige og kraftforbruk. Krafta kan du kjøpa kor du ynskjer, og du må sjølv velja kva kraftleverandør du ynskjer.

Dersom du ikkje vel kraftleverandør, vil nettselskapet levera kraft til deg på "leveringsplikt" og du betalar då “ventetariff” for straumen.

Leverandørbyte

Det er kostnadsfritt å byta kraftleverandør. Når du ringjer Tendranett, vil våre kundehandsamarar gje deg ei nøytral rettleiing om dette.

Ta kontakt med kraftleverandør og hugs å ha fygjande opplysningar klare når du skal tinga kraftleveringsavtale:

  • Namn / Namn verksemd
  • Fødselsnr / Foretaksnummer
  • målepunkt ID (sjå faktura)

Aktivitet langs linjenettet

All aktivitet langs straumførande linjenett krev tryggleikstiltak.

  • Driv du anleggsverksemd er det visse omsyn å ta.
  • Driv du luftsport anten som kitar, paraglidar eller som fallskjermhoppar, må du utvisa stor varsemd i nærleiken av linjene våre. Me oppmodar utøvarane om å orientera seg om kor våre linjer går. Ta om naudsynt kontakt med  nettavdelinga for meir informasjon.
  • Skal du hogga skog nær linjer.

Linjerydding

Utifrå krav i forskrifter for elektriske anlegg har Tendranett plikt og rett til å utføra skogrydding langs  høgspentlinjer av tryggleikomsyn og for å unngå driftsavbrot. I år ynskjer Tendranett å utføra noko meir sikringshogst  langs linjetraseane for å sikra oss meir mot trefall inn på linjene ved kraftig vind. Nettselskapa er sikra naudsynt tilgang til eigedomane for vedlikehald av luftleidningar gjennom standard tilknytingsvilkår og standard nettleigeavtale.

Spørsmål om rydding kan rettast til Tendranett på tlf 56528380

Trefelling

Felling av tre nær kraftlinjer

Vonett har eit ansvar for å hjelpa grunneigarar med felling og hogst der tre kan vera ein risiko for leidningsnettet. Der det er tvil om trefellinga utgjer ein risiko for nettet, skal Vonett kontaktast slik at me kan ta ei tryggleiksvurdering av tilhøva på staden.

Det er grunneigar/entreprenør som er ansvarleg for at nødvendige forskriftskrav og HMS-rutinar vert fylgde.

Ta gjerne kontakt med nettavdelinga for ei felles planlegging av arbeidsoppdraget. 

Bygging og graving

Skal du byggja eller grava? Treng du nyttige råd før byggjestart?

I menyen nedanfor er det lista opp nokre punkt som du vil ha nytte av dersom du skal byggja nytt eller utvida. Ta kontakt med oss så tidleg som råd og få gjort nødvendige avtalar. 

Det er mange omsyn å ta i samband med eit byggjeprosjekt - stort eller lite. Hovudregelen er at Vonett skal ha melding om alt arbeid som påverkar straumnettet. I menyen til venstre finn du oversikta over kva du bør tenkja på i samband med ditt  byggjeprosjekt, mellom anna om kostnader og retningslinjer for farleg arbeid.

Tilknytning

Stikkleidning blir utført med jordkabel eller luftstrekk. Det må avklarast med oss i kvart einskild høve korleis dette skal utførast. Skal det brukast jordkabel, er graving og påfylling av grøft ditt ansvar. Kontakt oss her

Installasjon

Den elektriske installasjonen i bygget skal meldast på førehand og utførast av godkjent installatør. Når anlegget er ferdig, skal ferdigmelding sendast. 

Anleggstilskot

Tendranett kan etter forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og tariffer, § 17-5 fastsette eit anleggstilskot for å dekkje anleggskostnadane ved nye nettilknytingar eller ved forsterking av nettet til eksisterande kundar.

Føremålet med anleggstilskot er m.a. å gje kunden signal om dei samfunnsøkonomiske kostnadane ved tilknyting og bruk av nettet.

Regelverk

Anleggstilskot skal behandlast og gjennomførast etter våre retningslinjer, og vere i samsvar med gjeldande standard tilknytingsvilkår for nærings- og privatkundar.

Kostnadsgrunnlag

Etter førespurnad frå kunde utarbeider vi eit kostnadsgrunnlag for det aktuelle anlegget. Det vert for større anlegg henta inn tilbod frå eksterne entreprenørar.

Botnfrådrag

Tendranett nyttar ikkje botnfrådrag.

Eigarskap, drift og vedlikehald

Sjølv om eit anlegg blir finansiert med anleggstilskot, vil anlegget vere Tendranett sin eigedom. Tendranett har full disposisjonsrett over anlegget og vil bere alle framtidige drifts-, vedlikehalds- og reinvesteringskostnader for anlegget.

Sjå utfyllande informasjon i Rutinar for fastsetjing av anleggstilskot i Voss Energi

Grunneigarar

Dokumentasjon/Infomasjon for grunneigarar

Her finn du dokumentasjon/informasjon for aktivitet i Tendranett sitt forsyningsområde.

Presentasjon grunneigarmøte Forsyning Myrkdalen mars 2015

Kabelpåvisning

Før graving startar, eller merkestolpar blir slått ned, må du få avklart om det er kablar i bakken. Du kan bli erstatningspliktig dersom du er årsak til skade på anlegg , om våre retningslinjer ikkje er fylgt. Lasta ned gravemeldingsskjema.

Gravemeldingskjema

Bygging ved luftlinjer

Ved alle typar aktivitet i nærleiken av høgspentlinjer må det utvisast ekstra aktsemd. Dersom kran eller gravemaskin o.l. skal brukast nærare ei høgspentlinje enn 30 meter, skal me varslast før arbeidet vert påbegynt. Grunneigarar og entreprenørar må setja seg inn i gjeldande regelverk.

Byggjestraum

Me leiger ut skap for byggjestraum. Skal skapet koplast til luftleidning set vi dette opp på næraste stolpe. Skal det koplast til kabel, må du setja opp eit solid stativ ved næraste fordelingskap, eventuelt ved enden av stikkleidning. Stativet må vera godt festa og avstiva. Du må i tillegg syta for at kabelen blir verna mot mekaniske påkjenningar, eventuelt med hjelp av plastrøyr som du kan tre på kabelen før den blir tilkopla.

For at du skal få byggjeskåp i tide, må du senda tinginga minimum 7 dagar før det skal monterast.

Ting byggjestraum i skjemaet. Nytt same skjema når du tingar demontering; Fyll inn naudsynte opplysningar for at me skal kunna identifisera  kva skåp som skal takast ned.

Du finn prisar for byggjestraum her.

Entreprenørar

Installatørar

Melding om Installasjonsarbeid kan meldast av elektroforetak som støttar krav til «Forskrift om elektroforetak og kvalifikasjonskrav for arbeid knyttet til elektriske anlegg og elektrisk utstyr». 

Me ber om at installatørar som skal utføra installasjonsarbeid i Tendranett sitt nettområde nyttar denne linken «Elwin Installatør melding».

For tilgang ta kontakt på e-post: Marita Garen

Energiutgreiing

Alle områdekonsesjonærar - dvs Tendranett i Voss kommune - er pålagt å utarbeida, årleg oppdatera og offentleggjera ei energiutgreiing for kommunen. Det skal og arrangerast eit offentleg møte der utgreiinga vert presentert.

Aktuelle dokument

Energiutgreiinga for 2013.

Feilhandtering

Ved feil - kven har ansvaret for kva?

Tendranett har normalt ansvaret for el-anlegget fram til husveggen, medan alt på innsida av husveggen er ditt private anlegg. Difor er det viktig at du gjer deg kjent med ditt elektriske anlegg! 

Feil og manglar på ditt anlegg er ditt ansvar og må utbetrast av autorisert elektroinnstallatør.

I menyen nedanfor finn du meir informasjon om dette temaet.

Straumlaus?

Er det straumlaust i heile huset kan det ha fleire årsaker, mellom anna:

  • Jordfeilbrytaren er utkopla (les meir om jordfeilbrytar her)
  • Hovudsikring er defekt.
  • Inntakssikring er defekt. Dei står ofte på loftet om du har luftstrekk inn til huset ditt.
  • Feil på straumnettet til Tendranett. Om det er tilfelle vil ofte naboane dine også vera utan straum.  Det vil vera til stor hjelp om du kan kontrollera dette før du ringer vår feilmelding.

Er det straumlaust i deler av huset kan det ha fylgjande årsaker.

  • Kurs-sikring i ditt sikringsskap er gått. Sikringar kan ryka over tid på kursar som har høg belastning. Syt for å ha reservesikringar og kast brukte sikringar. Hyppige sikringsbrot kan også skuldast feil (kortslutning) på ditt elektriske anlegg.    Har det skjedd, må du få ein autorisert elektroentreprenør til å kontrollera installasjonen din.
  • Har du 3-fase installasjon, kan ein defekt hovudsikring/inntakssikring føra til at du får 1/2 spenning på enkelte kursar i huset ditt.
  • Det kan også vera feil på ein av fasane på vår tilførselkabel ved 3-fase installasjon. (Dette vil også oppfattast som 1/2 spenning på enkelte kursar i huset ditt)

Ved feil ring feilmeldinga tlf 56528350 - bemanna 24 t / 365 dagar.

Varmgang eller gnistring

Merkar du varmgang eller gnistring i elektriske komponentar eller i sikringsskapet, slå straks av hovudbrytar eller skru ut hovudsikringane og tilkall autorisert elektroentreprenør.

For utbetring av feila ta kontakt med installatør.

Jordfeil?

Når jordfeilbrytaren slår ut, kan du lokalisera feilen ved å gå gjennom punkta under

  1. Skru ut alle sikringar og/eller automatsikringar bortsett frå overbelastningsvernet (hovudsikringen).
  2. Slå inn igjen jordfeilbrytaren.
  3. Kople inn ein og ein sikringskurs til jordfeilbrytaren koplar ut igjen.Du har no funne den sikringskursen som har jordfeil.
  4. Slå av/skru ut den kursen som det er feil på.Kopla jordfeibrytaren inn att.
  5. Slå av alle brytarar, trekk ut alle støpsel på denne sikringskursen og skru inn/slå på sikringen/automaten igjen
  6. Slå på eit og eit apparat igjen til feila oppstår igjen. Du har no funne det apparatet som er årsak til feila. La dette apparatet vera fråkopla.

For utbetring av feila ta kontakt med installatør.

Dersom du ikkje har jordfeilbrytar og du opplever at nokon for straumstøyt gjennom seg, må du kontakta installatør omgåande for å finna denne feilen.

Dersom installasjonen din er i orden, skal ikkje dette kunne skje. Det ville også vera ein god tryggleik om du får installatrøren til å montera jordfeilbrytar i anlegget ditt. Jordfeilbrytarane kan kopla bort ein feil som er under utvikling og som i verste fall kan resultera i brann eller at nokon får straum gjennom seg.

Varsling

Ved feil ring feilmeldinga tlf 56528350 - bemanna 24 t / 365 dagar.

Feil på gateljos

Tendranett har ansvaret for drifting og vedlikehald av vegljos langs kommunale- og fylkesvegar

Dersom du oppdagar feil på gateljos, ber me deg melda ifrå på epost, via skjema, eller ringja oss 56528300.

Leveringskvalitet

Kva er riktig kvalitet på spenninga, kva påverkar den og korleis merkar ein det?

Norsk forskrift om spenningskvalitet har satt grenser for kor store avvik eller forstyrringar ein normal spenning kan ha. Den mest kjente og brukte grensa er tillat spenningsvariasjon innafor pluss/minus 10 prosent berekna av 230 V eller 400 V. I eit 230 V nett kan då spenninga liggja innafor 207 og 253 V.

Elektrisk utstyr som vert selt og kan nyttast i det norske straumnettet skal vera konstruert for å fungera innafor forskrifta sine grenser. Ved bruk skal utstyret heller ikkje skapa forstyrringar som fører spenninga utafor grensene.


Kapasitet i straumnettet

Nokre elektriske apparat/utstyr har imidlertid så høgt straumforbruk at nettselskapet må ha forsterka straumnettet før utstyret kan tilkoplast. For å oppretthalda spenningskvaliteten er det difor viktig at nettkundar gjer nettselskapet kjennskap til større utvidingar på førehand. Elektriske motorar i for eksempel store varmepumper, vasspumper, vedsager og silotaljer har høge startstraumar som kan skapa kortvarige spenningsfall, og i verste fall føra til utkopling av PCer og anna utstyr. I mange tilfelle kan nettet tåla slikt utstyr berre det påmonterast mjukstartarutstyr. Her tilrår ein frekvensomformar.

Variasjonar i spenninga og andre endringar i spenninga kan væra både raske og langsame. Dei raske spenningsvariasjonane er vanlegvis forårsaka av forbruksutstyr som slås av eller på i eige hus eller hjå nabo. Det kan også skyldast feil i elektrisk utstyr. Langsame spenningsvariasjonar kan vera at spenninga varierer f. eks frå 240 V om sommaren til 220 V om vinteren eller tilsvarande mellom natt og dag.

Eit anna forhold kan vera at det lokale straumnettet ikkje lenger har nok kapasitet etter fleire år med auke i forbruk. Då kan til slutt også mindre straumuttak frå  utstyr skapa synlege variasjonar i lysstyrken. Spenningskvaliteten til våre kundar er med andre ord eit resultat av eit samspel mellom kunden sitt eige forbruk og kapasiteten nettet er bygd for.

Korleis kan du merka spenningsvariasjonar? Dårleg spenningskvalitet, det vil seia spenning som ligg eller kjem kortvarig utafor grenseverdiane, kan forårsaka fylgjande forhold:

  • Blinking og/eller endringar i lysstyrken i lamper. I slike tilfelle er normalt variasjonen i spenninga ikkje så stor at det skaper problem for elektrisk utstyr som er tilknytta det same straumnettet. Normalt ligg spenninga innafor grenseverdiane.
  • Funksjonsfeil i elektrisk utstyr. Driftsforstyrringar der utstyr i kortare eller lengre periodar får feilfunksjoner eller utkoplingar. Spenninga er normalt utafor grenseverdiane. Nettet er for svakt eller startstraum er for høg. Kan også vera feil i utstyret.
  • Havari på elektrisk utstyr. Spenningsforholda kan også bli så alvorlrge i ein periode at elektriske apparat kan gå heilt i stykke og i verste fall også forårsaka brann eller branntillaup. Normal årsak er lyn eller feil i nettet. Også dårlegere isolasjonen i eldre eller støvutsatt utstyr kan skapa problem med lysblink og radioknitring før totalt havari som også kan enda i brann.

Kva gjer eg dersom eg opplever slike forhold? Ta kontakt med oss eller installatør. Me kan foreta berekningar eller målingar som kan avdekka om eventuell årsak er i leidningsnettet til din bustad eller bedrift.

Spenningsproblema forårsaka av forhold i eige straumnett eller utstyr i huset, må ordnast av installatør.

Fiber

Voss Energi AS byggjer fiberinfrastruktur gjennom selskapet Voss Fiber AS. Voss Fiber leverer tenester til både nærings- og privatkundar på Voss.

Du finn meir info om Voss Fiber på www.vossfiber.no 

AMS

Avanserte måle- og styresystem

NVE vil gjennom «forskrift om endring i forskrift om måling, avregning og samordnet opptreden ved kraftomsetning og fakturering av nettjenester. FOR-2001-01-30-86» innføra fullskala AMS utbygging i Noreg.

Det vil difor medføra at alle kundar skal få installert ny målar innan 1. januar 2019.

Dagens kraftsystem vil bli smartare. Gjennom å auka bruken av smarte IKT-løysningar (IKT: Informasjons- og kommunikasjonsteknologi), kan me få til eit nytt og spennande samspel mellom energiaktørane (inklusive deg og meg) som gjer at me og samfunnet kan spara pengar samstundes som me betrar miljøet og reduserer ressursbruken.

Smart grids definerast som ein merkelapp på framtidas kraftsystem (2020/2050) kor avanserte måle- og styresystemar (AMS, smarte målarar) og kommunikasjon til alle nettkundar og anlegg spelar ein sentral rolle. Smart grids er naudsynt for å realisera mål og krav som stillast til framtidas energisystem som m.a. kjenneteiknast av auka bruk av fornybare og intermitterande energikjelder og auka grad av elektrifisering (elbil, varmepumper, industriprosessar osv.).

Tanken bak er å bidra til å utvikla morgondagens energisystem som me ynskjer skal vera:

  • meir miljøvenleg
  • meir energieffektiv gjennom last- og effektstyring
  • meir påliteleg og robust
  • sikrare
  • forbrukarfleksibilitet og enklare og raskare leverandørbytte
  • automatisk avlesing
  • prissignal
  • avrekning av faktisk forbruk

AMS målaren skal kunna registrera effektflyt i båe retningar, det vil seia både uttak og innmating. Med innmating meinast her husstandens eigenproduksjon av kraft, t.d. solcelleanlegg, vindkraftverk, men og mikrokraftverk utan separat måling.

AMS er eit system for tovegskommunikasjon og tovegsinformasjon som gjer det mogleg for nettselskapet å fjernavlesa måleverdiar. Ved eit slikt system vil det og bli registrert timeverdiar og det vil vere mogleg med både lokal og sentral laststyring.

Lokal laststyring betyr at kundar sjølve kan programmera av-/påstyring av forskjellige kursar/apparatur i eige hus. Det vil og vera mogleg å programmera styringa av forbruket ut frå kraftprisar eller tidsvariable overføringstariffar. Kunden kan og styra forbruket ut frå augeblikksforbruket, til dømes ved at ein "maksimalvoktar" koplar ut belastningar dersom forbruket overstig eit fastsett nivå.

Sentral laststyring betyr at styresignala kjem frå ein annan aktør enn kunden sjølv. Døme på ein slik aktør kan vera nettselskap, kraftleverandør eller ein leverandør av ENØK-tenester. Slik laststyring vil vera eit nyttig verkty for eit nettselskap moglegheit for styring av overføringsanlegga. Sikkerheita ved ein slik 3. parts tilgang er av særs viktigheit.

Teknologien vil og kunne omfatta dataverktøy for avlesing av eige forbruk. På denne måten vil forbrukaren fortløpande kunne fylgja utviklinga i eige strømforbruk.

Ved AMS vil straumforbruket verta lese av automatisk og fakturert basert på faktiske timeverdiar. Hyppigare avlesingar vil kunna gje hyppigare fakturering, dermed reduserte finanskostnader, betre handtering av kundedata og redusert kostnader til kundeservice.

Kva er ein automatisk straummålar?

Ein automatisk straummålar er ein digital målar som registrerer straumforbruket ditt og sender forbruket til nettselskapet automatisk, så du slepp å lese av målaren sjølv. Det er ein ny straummålar som erstattar straummålaren du har i dag.

Kva kan ein automatisk straummålar gjere?

Målaren registrerer straumforbruket ditt kvar time og sender informasjonen til nettselskapet. Det sikrar at straumforbruket ditt blir rett målt. Målaren gjer det mogleg å lokalisere straumbrot hos deg, slik at vi får retta feilen raskare. I tillegg blir det lettare å følgje med på straumforbruket, og dermed blir det enklare å spare straum. Dersom du ønskjer det, kan målaren koplast opp mot energistyringssystem, som til dømes regulerer varmen og styrer trykkvarmaren. Du bestemmer sjølv om du ønskjer å ta i bruk energistyring, og kan fritt velje leverandør av denne typen tilleggsutstyr.

Kven får ny automatisk straummålar?

Alle nettkundar, private hushald, fritidshus/hytter, burettslag, bedriftskundar og offentlege institusjonar i Noreg får ny automatisk straummålar innan 1. januar 2019.

Kvifor får eg ny straummålar?

Straumnettet i Noreg skal moderniserast, og nye automatiske straummålarar er eit viktig element når infrastrukturen skal utviklast. Med automatiske straummålarar får Noreg eit sikrare og meir fleksibelt straumnett, og behovet for å byggje ut nettet i framtida blir redusert.

Kven har bestemt at nettkundane skal få nye automatiske straummålarar?

Det er myndigheitene som har bestemt at alle straummålarane skal bytast ut med nye automatiske straummålarar. Dette er den største moderniseringa av straumnettet i Noreg på over 100 år.

Når kan eg få ny automatisk straummålar?

Du får ny straummålar innan 1. januar 2019. Vi begynner å installere dei første straummålarane hausten 2016. Detaljert oversikt for dei ulike montasjeområda vil liggje føre på eit seinare tidspunkt. Du får informasjon i god tid før vi kjem og byter målaren din.

Kva må eg gjere for å få ny straummålar?

Du får informasjon frå nettselskapet ditt i god tid før målaren din skal bytast. Det einaste du må gjere, er å vere heime når montøren kjem for å installere den nye målaren.

Må eg byte målar?

Myndigheitene har bestemt at alle nettkundar skal få nye automatiske straummålarar. Det har fleire fordelar for deg som kunde.

Kva er fordelane med ein automatisk straummålar?

  • Det er enklare for deg, for du slepp å lese av straumen.
  • Det er tryggare for deg, for nettselskapet får betre informasjon ved straumbrot og kan rette feil raskare.
  • Du får betre og meir detaljert oversikt over straumforbruket ditt.
  • Målaren registrerer kontinuerleg straumforbruket ditt og kan om ønskjeleg koplast opp mot energistyringssystem. Du står fritt til å velje leverandør av denne typen tilleggsutstyr.

Er det plass til den nye målaren i sikringsskapet mitt?

Dei fleste har plass til den nye målaren i sikringsskapet. Ved plassmangel vil montøren finne ei alternativ løysing. Det kjem ikkje til å koste deg noko ekstra.

Må eg betale for den nye målaren og for å få installert han?

Du får ingen faktura for installasjon av den nye automatiske straummålaren. Denne oppgraderinga er ein del av det du betaler for gjennom nettleiga, på same måte som anna utbygging og vedlikehald av straumnettet.

Er det fare for at uvedkommande kan få tilgang til måleverdiane frå dei automatiske straummålarane?

Faren for at uvedkommande skal «hacke» seg inn på systemet ved automatisk målaravlesing, er ikkje større enn risikoen for at nokon skal ta seg ulovleg inn i nettbanken din. Saman med myndigheitene skal vi sørgje for å sikre utstyret best mogleg mot «cyberangrep» og misbruk av personvernet. Her vil vi leggje stor vekt på råda frå Datatilsynet. Vi følgjer utviklinga nøye og skal sjå til at datatryggleiken er best mogleg vareteken i det nye systemet.

Eg er redd for stråling, medfører den nye automatiske straummålaren strålefare?

Den automatiske straummålaren med tilhøyrande kommunikasjonsutstyr ligg langt innanfor fastsette grenseverdiar for stråling og tilfredsstiller alle offentlege krav. Du finn informasjon om strålefare på nettsidene til Statens strålevern.

Eg er el-sensitiv. Må eg byte målar?

El-sensitive som har legeerklæring, får behalde den gamle målaren sin og treng ikkje å byte til automatisk straummålar. Du kan sende skriftleg søknad om fritak til nettselskapet ditt. Alle søknader blir behandla individuelt. Hugs å leggje ved legeerklæring.

Eg har allereie ein automatisk straummålar, må eg byte målar?

Nokre få av kundane våre har automatiske straummålarar. Dei nye målarane har ein meir avansert teknologi og vil erstatte eldre målarar. Derfor får alle nye målarar.

Kven skal produserer dei nye automatiske straummålarane?

Kven som skal levere dei nye målarane, er ikkje bestemt enno. Leverandør blir vald i løpet av hausten.

Kven skal montere dei nye målarane?

Nettselskapet leiger inn personell som skal montere dei fleste målarane. Kva selskap det blir, er ikkje bestemt enno. Forhandlingar med aktuelle montasjeleverandørar er i gang. Du får informasjon om kven som skal montere automatisk straummålar hos deg, i god tid før målarbytet.

Kva betyr AMS?

Dei nye straummålarane blir av og til kalla AMS. AMS er ei forkorting for avanserte måle- og styringssystem. I kundekommunikasjonen vår bruker vi utrykket automatiske straummålarar.

Kva må eg som kunde bidra med for at de skal få kontakt med meg?

For at vi skal kunne nå deg med viktig informasjon og kunne avtale tidspunkt for å byte straummålar hos deg, er det svært viktig at vi har rett telefonnummer, mobilnummer og e-postadresse.
Gå inn på Din kundekonto for å kontrollere og oppdatere desse opplysningane.

Elhub

Elhub er navnet på Statnett sin nye datahub, ein «sentral» som mottek, lagrar og videresender data frå den nye straummåleren din. Data om straumforbruket ditt vert vidaresendt frå Elhub og til din straumleverandør. Du trenger difor aldri å lesa av straummåleren din igjen. Elhub er operativ frå og med 18. februar 2019.

Elhub skal vera den sentrale mottakaren for måleverdiar og annan kommunikasjon i den norske kraftmarknaden. Elhub sine hovedfunksjonar er automatisert måleverdiprosessering, måleverdidistribusjon, og handsaming av prosessar som leverandørbyte, flyttingar og rapportering.

Elhub Web Plugin

Elhub Web Plugin (Plugin) er den delen av Elhub der du som kunde får tilgang til din eigen informasjon. Her finn du alle eigne målepunkt med tilhøyrende måleverdiar og kontraktar. Du som kunde får moglegheit til å styra kven som skal ha tilgang til dine data i Elhub, og kan nytta webløysinga for styring av tilgang til måleverdiar og kundeinformasjon. Det er berre du som kunde som kan sjå og endra informasjon gjennom Plugin.

Du loggar på elhub her

Elbil

Voss Energi AS har etablert hurtigladestasjonar for elbil på Amfisenteret og på ved Sambygg på Vinje.   

Begge plassar kan alle elbil-typar lada.
Utbygginga er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Voss kommune, enova og Voss Energi AS. Fylkesutvalet i Hordaland har vedteke auka utbygging av infrastruktur for elbilar i Hordaland. Målet er at 20 prosent av lette køyretøy i fylket er elbilar innan 2020. Oversiktskart over eksisterande og planlagde hurtigladestasjonar finn du på www.elbil.no

Du kan lada med ein app eller sms frå www.bilkraft.no For å få tilgang til dette systemet må du oppretta ein profil hjå dei.

Hurtigladekartet for Hordaland.

 

Her er litt tips til lading av elbil